Kvardagsrehabilitering

Strevar du med å meistre aktivitetar som er viktige for deg i din kvardag? Da er kanskje kvardagsrehabilitering noko for deg.

Kva er kvardagsrehabilitering?

Kvardagsrehabilitering er eit tilbod om intensiv kvardagstrening, tilrettelegging og støtte til meistring av daglege aktivitetar for heimebuande som har hatt eit fall i funksjon. Det overordna målet er å styrke brukaren i staden for å tilby kompenserande og passiviserande tiltak. Tilbodet er gratis.

Kvardagsrehabilitering er eit tilbod til deg som:

  • Bur heime
  • Har hatt eit brått eller gradvis funksjonsfall
  • Strevar med å meistre ein kvardagsaktivitet
  • Er interessert i å gjennomføre trening i eigen heim og nærmiljø

Dine mål i sentrum

Dersom kvardagsrehabilitering vurderast som hensiktsmessig får du innvilga ein rehabiliteringsperiode på seks veker. Saman med deg utarbeidast det mål for kva du syns er viktig å meistre i din kvardag.

Trening i heim og nærmiljø

Du får besøk av ein heimetrenar på vekedagar som hjelp deg med å trene mot dine mål. Du vil også bli oppmuntra til eigenaktivitet. 

Korleis søkje om kvardagsrehabilitering?

  1. Fyll ut behovsmeldingsskjema (PDF, 43 kB)
  2. Send skjemaet til Tildelingskontoret Lom og Skjåk, eller lever det til heimesjukepleia. 

Behovet kan meldast av:  

  • Deg sjølv eller pårørande
  • Fastlege
  • Heimesjukepleia
  • Ergoterapeut
  • Fysioterapeut

Kontakt

Kathrine Brandsar
Saksbehandlar tildelingskontoret
Telefon 948 48 724
Heimebasert omsorg
Heimehjelp481 49 620
Demenskoordinator902 41 479
Dagsenter heimebuande481 65 524
Kreftkontakt Lom kommune901 06 933
Koordinator kvardagsrehabilitering

 

911 63 718