Omsorgsbustad

Pleie og omsorg disponerer 15 omsorgsbustader.

Bustadene

Kvar bustad er på 55 kvadratmeter og utgjer gang, bod, bad soverom og ope løysing mellom stove og kjøkken. Kjøkkenet har kvitevarer. Det er også ei bod i felles gang. Bustaden er utforma for å kunne lette kvardagen din. I alle bustadene er det montert adresserbart brannvarslingsanlegg og full sprinkling i form av vasståkeanlegg, for å ta i vare branntryggleiken.

Meir informasjon

Bustaden blir tildelt etter vurdering av din livssituasjon. Søkjaren som blir prioritert, blir vurdert å ha størst behov. Bustaden er rein og i fullgod stand når du flytter inn. Nøkkel til bustad får du på kontoret i pleie og omsorgsavdelinga når du skriv under på husleigekontrakt. Bustaden har ikkje fast bemanning, og andre omsorgstenester må søkjast om individuelt. Du betaler sjølv utgifter til strøm, oppvarming,telefon og forsikring av eige innbu (Kommunen si forsikring dekkjer berre det som kommunen eig).

Kvalitetesstandarar

Kvalitetsstandardar for tildeling av tenester i pleie og omsorg.

Målgruppe for tenesta

Målgruppe for tenesta er personar som på grunn av funksjonshemming, sjukdom, skade eller alder treng ein annan bustad, og dette behovet ikkje kan dekkjast i privat marknad.

Slik får du tenesta

Om du er interessert i å søkje på omsorgsbustad, kan du ta kontakt med Lom og Skjåk tildelingskontor.

Dersom du ikkje er brukar av tenester frå før, vil det bli gjort eit vurderingsbesøk for kartlegging av funksjonsnivå. Det blir også utført IPLOS-registrering (individbasert pleie- og omsorgsstatistikk) som er lovpålagt.

Lovgrunnlag

Forvaltningslova.

Rett til å klage

Det er mogleg å klage på vedtaket. Klaga sender du til Lom og Skjåk tildelingskontor, innan 3 veker etter at du har motteke brevet. Vedtaket blir handsama på nytt. Dersom vedtaket blir oppretthalde, blir det sendt vidare til kommunen sitt klageorgan for endeleg avgjerd. Tildelingskontoret kan hjelpe deg med å skrive klaga. Jamfør § 27-36 i Forvaltningslova.

Kontakt

Kathrine Brandsar
Saksbehandlar tildelingskontoret
Telefon 948 48 724