Ver med og bestem kven som skal styre kyrkja lokalt

Det skal vera val til Lom kyrkjelege råd for ei ny fireårsperiode. Valet finn stad i samband med kommunevalet i Lom, Garmo og Bøverdalen den 10. og 11. september 2023.

Kyrkjerådet er representant for sokna Lom, Bøverdalen og Garmo. Rådet har ansvar for administrative og økonomiske oppgåver, vedlikehald og drift av kyrkjebygga og kyrkjegardane, og er arbeidsgjevar for dei tilsette i kyrkja.

Valstyret i Lom kyrkjelege råd legg med dette fram nominasjonslista:

Nominasjonsliste 2023
Nominasjonsliste Bøverdalen sokn: Nominasjonsliste Lom sokn: Nominasjonsliste Garmo sokn: Nominasjonsliste Bøverdalen sokn:
Ragnhild Aamot Kveen, f. 1951   Per Morten Mork, f. 1967 Kari Langøygard, f. 1946 Ragnhild Aamot Kveen, f. 1951  
Lars Liulf Stee, f. 1969   Mariann Helstad, f. 1967 Jon Kleiven, f. 1962 Lars Liulf Stee, f. 1969  
Olav Dagfinn Kvålshagen, f. 1957 Bente Sulheim Ovesen, f.1951   Kari Hesthagen, f. 1964 Olav Dagfinn Kvålshagen, f. 1957
Oluf Kvålshagen, f. 1954   Runa Smedsmo, f. 1976 Terje Odde, f. 1955 Oluf Kvålshagen, f. 1954  
Bente Flaten, f. 1970   Ole Ivar Kolden, f. 1979 Gro Anita Byrøygard, f.1972 Bente Flaten, f. 1970  
Mina Rigmor Marstein, f. 1962   Kristin Mundhjeld, f. 1975 Liv Hege Kleiven, f. 1990 Mina Rigmor Marstein, f. 1962  
Arnstein Rusten, f. 1953   Oddveig Moen, f. 1965 Gunn Synnøve Horten Byre, f.1963 Arnstein Rusten, f. 1953  
  Torill Vole f. 1958    

I tidsrommet 2.-15. mai 2023 blir det høve til å kome med supplerande nominasjon for den som ynskjer det. 

Kunngjering om førehandstemming og meir om valet vil kome i neste kyrkjeblad i juni.
Du kan lese meir om kyrkjevalet på Den norske kyrkje sine nettsider.