Ordinær utleige

Lom kommune har rundt 20 kommunale utleigebustadar som kan leigast ut etter søknad. Dei kommunale bustadane er eit midlertidig butilbod. Nokon av bustadane kan leigast ut som ordinær utleige, men vanskelegstilte på bustadmarknaden har fortrinnstrett. Ein kan vere vanskelegstilte på bustadmarknaden på grunn av økonomi, helse- eller sosiale problem. 

Har du til dømes utfordringar med å finne ein plass å bu i Lom, eller ynskjer å leige ei periode før du skal kjøpe deg bustad kan du søke ordinær utleige av kommunal bustad ved å nytte søknadsskjema nedst på sida.

Set deg inn i Retningslinjer for tildeling av kommunal bustad før du sender inn søknadsskjemaet under. 

Dersom du sjølv, eller ved anna hjelp, ikkje er i stand til å skaffe deg bustad av til dømes helsemessige, inntektsmessige eller sosiale tilhøve skal du nytte deg av søknadsskjemaet som gjeld kommunal bustad for vanskelegstilte.

Vi er i prosess med å innarbeide ein ny digital søknadsportal for kommunale bustadar. Fram til denne er på plass kan du nytte skjema under. 

Kontakt

Trude Slettom
Økonomikonsulent
Mobil 481 65 536

Ansvar for fakturering, purring og inngåande faktura. Kommunale bustadar.