Kjøken og kantine

Kjøkenet på Lom helseheim lagar maten for heile institusjonen. Det er og mogleg for andre eldre og hjelpetrengande å kome hit og kjøpe seg mat. Kjøkenet tilbyr spesialkost for dei som treng det. Ynskje om mat frå pasientane/brukarane strekker vi oss langt for å tilfredsstille. Kjøkenet held på lokale mattradisjonar og lokale leverandørar.

Kantine

I kantina kan ein få kjøpt seg dugurd/lunsj, kaffe, te brus og andre kioskvarer mellom kl. 11.00 og 12.00.

Middag

Du kan få kjøpt middag seinare på dagen ved å ta kontakt med kjøkenet. 

Målgruppe for tenesta

Heimebuande, pasientar på institusjon, pårørande, besøkjande og tilsette.

Kontakt

Kjøkenet Lom helseheim
Mobil 907 20 183
Hanne Marstein
Kjøkensjef Lom helseheim
Mobil 907 20 183