Matombringing

Pleie og omsorg har tilbod om matombringing til heimebuande. Middagen er nedkjølt, vakumert og porsjonspakka. Dette er mat som brukaren sjølv må varme opp att.

Lokale mattradisjonar blir vektlagt. Friviljugsentralen har ansvaret for å organisere utkøyring av maten. Dersom du ikkje skal vera heime når maten skal køyrast ut, må du varsle om dette til kjøkenet seinast 2 dagar før utkøyring. Dersom ikkje må du likevel betale for maten.

Målgruppe for tenesta

Heimebuande eldre og funksjonshemma som har problem med å lage middag sjølv.

Slik får du tenesta

Du kan bestille middag gjennom friviljugsentralen eller direkte frå kjøkenet ved Lom helseheim.

Dette kan du vente av oss

  • Når du søkjer (skriftleg/muntleg) skal du få tilkøyrt mat innan 5 dagar.
  • Du får næringsrik og variert mat.
  • Du får laga diett om du har behov for det.
  • Du får køyrt mat heim til deg tysdag og fredag.
  • Du avgjer kor mange porsjonar du vil ha kvar veke.
  • Dei som køyrer ut mat skal vise deg respekt og vera serviceinnstilte.

Dette ventar vi av deg

Varsle frå om du ikkje er heime når maten blir utkøyrt.

Kontakt

Hanne Marstein
Kjøkensjef Lom helseheim
Mobil 907 20 183