Lom folkebibliotek

Opningstider 

Måndag  12.00 – 19.00
Onsdag  12.00 – 19.00
Torsdag  10.00 – 15.00
Fredag   10.00 – 15.00
Laurdag 10.00 – 14.00

Tre i biblioteket

  

Laurdag 20. oktober kl. 19 debuterer Are og Merete med framføring av erotiske tekster på biblioteket.

Det blir sal av mineralvatn, øl og vin, og såleis 18 års aldersgrense. 

Inngang kr 50,-

Torsdag 30. august startar årets Diktardagar! På biblioteket har vi heile tre arrangement desse dagane. 
Torsdag 30. august kl. 19.00: Framsyning av NRK-programmet "Vinje i Jotunheimen" frå 1968. Inngang kr 50.
Fredag 31. august kl. 10.00: Arnfinn Kolerud presenterer boka "Snillionen" for 6. klasse på Loar skule.
Laurdag 1. september kl. 11.30: På Nasjonal bibliotekdag får vi besøk av forfattar Cecilie Enger som les frå bøkene sine. 
Vel møtt!

 

Alle som har vore med på Sommarles 2018 er velkomne til avslutningsfest i Steinfjoset fredag 7. september kl. 15.00. Det blir kjemishow med Vitensenteret Innlandet og trekking av fine premiar. Vel møtt!

Sommarferien er over, og frå måndag 20. august er det vanlege opningstider att. Det stundar også til Diktardagar. Vi har bøkene til forfattarane som kjem. Kom og lån og les deg opp! 


Måndag: 12.00 - 19.00
Tysdag:   Stengt
Onsdag:  12.00 - 19.00
Torsdag:  10.00 - 15.00
Fredag:   10.00 - 15.00
Laurdag: 10.00 - 14.00

Les så mykje du orkar i sommarferien, høyr lydbøker, og få med deg forteljinga "Asbjørn og Astrid i verdensrommet" inne på Sommarles. Slik samlar du poeng, og kan hente preimar på biblioteket etter kvart som du når dei ymse nivåa. Du kan også spele spel og følgje med på kva vennene dine les inne på Sommarles. Kvar måndag blir det hengt opp nytt kodeord i biblioteket. Kom og leit dei fram!

Kampanjen er for alle barneskuleelevar, også dei som tek til på skulen til hausten. Ta kontakt med biblioteket dersom du har spørsmål om kampanjen. God sommar!

 

Lenkje: https://sommarles.no/

Sommaropningstider frå og med 23. juni:

Måndagar:  Stengt
Tysdagar:   10.00 - 14.00
Onsdagar:  15.00 - 19.00
Torsdagar:  10.00 - 14.00
Fredagar:   10.00 - 14.00
Laurdagar:  Stengt

Biblioteket er også stengt laurdag 16. juni. Det betyr at laurdag 9. juni er siste laurdag vi held ope i vår. Vi kan freiste med nye utstillingar og har gjort vårreingjering i hyllene. Kom og lån!


 

Onsdag 2. mai kl. 20.00 får vi besøk av Levi Henriksen. Som avslutning på leselystaksjonen Vinterles, har biblioteka i Norddalen invitert den populære forfattaren på turné. Han vil fortelja om forfattarskapen og lesa frå bøkene. Vi håpar mange tek turen på biblioteket denne kvelden og opplever Levi i levande live. Inngang 50 kroner. Kom! Kom! 

Live Marie Eriksen er student på Bibliotekar og informasjonsvitenskap ved Høgskolen i Oslo og Akershus. I fem veker framover er ho praktikant på Lom folkebibliotek der ho har trakka sine barnesko. Nå har ho laga ei fantastisk vikingutstilling der ho har laga klede og alt utstyr sjølv. Utstillinga blir ståande på biblioteket til over vinterferien. Kom og sjå!

Kontakt

Lom folkebibliotek
Mobil 477 11 809